Informasjon til deg som skal sove hos oss

KJÆRE CAMPING-GJEST

Velkomen Granvincamp ved Granvin kulturhus Dyrsku’n 2024! 

 

Her er litt informasjon som gjeld på området og som kan gjere opphaldet litt enklare.

  • Dusj/toalettanlegget inne på kulturhuset er ope heile døgnet.

  • Det er berre tillat med ein bil pr. eining. Bilen skal stå ved inngangsida av vogna.

  • Dersom fleire bilar, må du vende deg til vaktene for parkeringsplass. Dette kostar ekstra per døgn.

  • Det blir patruljerande vakter ute om natta i tillegg til vakta inne på kulturhuset.

  • Har du kjøpt straum er det maks lov og nytte 1000 watt.

  • Dette er ein familiecamp, så vi ber dykk om å vise omsyn. Det skal vera ro etter kl. 23.00.

  • Billettar til Dyrsku`n må du i år kjøpe på nettet.   www.dyrskun.no

  • Kaféen er ope heile døgnet. Her sel vi påsmurt, panini og pizza med meir. Du kan og bestille takeaway.

Innsjekk alle dagar starter klokka 9:00 og stenger klokka 22:00

OBS ! Straum til oppvarming er ikkje tillatt. Det er heller ikkje lov til å lade el-bil.   
Bare godkjente kablar for utebruk er tillat, ikkje raud plastkabel.

 

Vi er glade for at de ryddar etter dykk. Legg all søppel i utlevera søppelsekkar.

  1. Flasker og glas i ein blank sekk

  2. Søppel i ein eigen blank sekk

Ber om at de set tomgodssekken ved sida av containeren. Sekken med søppel kastast i containeren.

 

Vi ynskjer alle ein god Dyrsku !