Praktisk info til overnatting ute

 

KJÆRE GJEST - velkomen til GranvinCamp under Dyrsku'n 2025!
For at alle skal få ei trygg, god og triveleg oppleving, har vi samla litt nyttig info til deg:
 

🕘 Innsjekk og utsjekk
Alle dagar frå kl. 09:00 til 22:00
Straumen vert skrudd av søndag kl.15.00


🚗 Parkering
Éin bil per campingvogn (ikkje bubil)
Bilen skal stå ved inngangssida på vogna (sjå bilde)
Har du fleire bilar? Ta kontakt med vaktene – ekstra kostnad per døgn
👉 For meir info om døgnparkering sjå her



😴 Nattero
Vi er ein familiecamp. Ver grei med naboen
– det skal vera stille etter kl. 23:00


👮 Tryggleik
Det er alltid vakt inne på huset, og vaktselskap patruljerer ute heile natta
Har du spørsmål, henvend deg gjerne til vakta i resepsjonen på Granvin kulturhus


🚿 Sanitæranlegg
Dusj og toalett inne på kulturhuset er ope heile døgnet
– og berre for Granvin sine gjester


🚰 Vasspostar
Vi har to vasspostar – ein på kvar side av bygget


🔌 Straum
Maks 500W – ikkje nok til oppvarming, matlaging eller lading av elbil
Brukar du for mykje straum og sikringa går, kan du bli ansvarleg
for det som eventuelt blir øydelagt på same kurs
Vis omsyn – så held alt seg i gang for alle!


🗑️ Søppel og tomgods
Takk for at du hjelper oss å halde det reint!
Flasker og glas i ein blank sekk
Vanleg søppel i eigen blank sekk
Set tomgodssekken ved containeren. Søppelsekken kastar du i containeren


🧻 Tømmestasjon
Vi har dessverre ikkje tømmestasjon på området
Nærmaste tømmestasjon finn du på Circle K
Tips: Kom med tømt bil!


🍕 Døgnopen kafé & takeaway
Vi har påsmurt, panini, pizza, hamburgar, smoothie og mykje meir
👉 For meny, sjå her


🧘‍♀️ Badstu og trening
Badstu er gratis for våre gjester kvar dag frå kl 16:00 til 20:00
Treningstilgang i eige treningssenter for berre 150 kr heile Dyrsku' perioden
👉 For meir info, sjå her


🎟️ Billettar til Dyrsku’n
Det er ikkje lenger mogleg å kjøpe billett til Dyrsku’n på Granvin
Billettar til Dyrsku`n må du i år kjøpe på nettet 👉 www.dyrskun.no
 

🧡Takk for at du vel oss – vi ynskjer deg eit fantastisk opphald
på GranvinCamp!