Velkomen til GranvinCamp 2026!
Her finn du nyttig informasjon som sikrar eit komfortabelt og trygt opphald

 


 

Overnatting
Inne på kulturhuset kan du velje mellom fleire rom og salar
Alle rom bookast for heile perioden (onsdag til sundag)
Ønskjer du å bu inne nokre dagar, er idrettshallen eit rimeleg og trygt alternativ.
Hugs å ta med eige sengetøy, dyne og pute - eller sovepose
Vi har madrassar.

Resepsjon/vakt har oversikt og hjelper deg gjerne


Innsjekk og utsjekk
Innsjekk kvar dag frå kl. 09:00 til 22:00
Utsjekk søndag seinast kl. 12:00


Parkering:
Overnattar du inne på kulturhuset, må du betale for døgnparkering per bil
➡️ For meir info, sjå her


Sanitæranlegg
Dusj og toalett er tilgjengeleg heile døgnet inne på huset
– berre for dei som bur på GranvinCamp


Badstu og trening
Badstu er gratis for våre gjester kvar dag frå kl 16:00 til 20:00
Treningstilgang i eige treningssenter for berre 200 kr heile Dyrsku' perioden
➡️ For meir info, sjå her


Døgnopen kafé og bar
Vi serverer påsmurt, panini, pizza, smoothie og meir
Alt kan også bestillast som takeaway
Det er også pub med eigne opningstider
➡️ For meir info sjå her


Tryggleik
Vi har vakt på huset heile døgnet, og vaktselskap patruljerer ute
Spør oss gjerne om det er noko du lurar på


For grupper
Er de ei gruppe som bur saman? Då treng vi ei namneliste over alle
– dette er eit krav frå brannvesenet
Namneliste leverer du i resepsjonen når du kjem

 

Billettar til Dyrsku’n
Det er ikkje lenger mogleg å kjøpe billett til Dyrsku’n på Granvin
➡️Billettar til Dyrsku`n kan du kjøpe her

Takk for at du bur hos oss – vi ynskjer deg eit flott opphald på GranvinCamp!💙