Døgnopen kafé og bar


Hos oss treng du aldri å gå svolten – eller tørst!

Kaféen og baren på Granvin er open heile døgnet under Dyrsku’n.
Vi serverer alt frå påsmurt og panini til pizza, smoothie og gode drinkar. Alt kan også bestillast som takeaway* – enkelt og godt, når du vil.

Granvin har også eit hyggeleg fellesareal med gode sitjeplassar der du kan slappe av, møte vener eller ta ein matbit mellom opplevingane.

For at alle skal få eit triveleg opphald, ber vi om at det blir vist omsyn til gjester som overnattar på huset. Vi ønskjer ro i fellesområda etter kl. 23.00.


Obs! Alkohol kjøpt i baren kan berre nytast i barens område og er ikkje tilgjengeleg som takeaway. Servering skjer frå kl 13:00 til kl 00:00

 

Velkomen inn – døgnet rundt!