Overnatting ute

Velkommen til årets Granvincamp! 

Book ditt campingopphold hos oss under årets Dyrskun på vår familiecamp
500 meter frå Dyrskuplassen 

 



Booking av campingplass
Campingplassen gjeld frå torsdag til søndag. Ønskjer du kome onsdag, må du bestille «Ankomst onsdag» som tillegg i nettbutikken.

 

Innsjekk og utsjekk
Alle dagar frå kl. 09:00 til 22:00
Straumen vert skrudd av søndag kl.15.00

Ved spørsmål, send mail til dyrskucamp@granvinkulturhus.no


Sanitæranlegg
Dusj og toalett er tilgjengeleg heile døgnet inne på huset
– berre for dei som bur på GranvinCamp
 

Fortelt og markiser
Ønskjer du fortelt eller markise, må dette bestillast som tillegg når du bookar campingplass.
Maksimal tillaten breidde er 3 meter frå campingeininga. 
Markiser med sideveggar blir rekna som fortelt. 
Prisen for fortelt blir berekna ut frå lengda på campingeininga og er halv pris av ein ordinær campingplass.
Det er avgrensa tal plassar for fortelt, så det er viktig at du bestiller dette samtidig som du bookar plass for campingvogn eller bubil.

 

Uttrekkbar vegg
Har du bubil/buss med uttrekkbar vegg må du gje beskjed om totalbredde ved innsjekk. Uttrekkbare veggar eller utvidingar som gir ei total breidde på over 3 meter, registrerast som fortelt. Dette er av omsyn til gjeldande brannreglar på campingplassen.

 

Informasjon for bussar
Alle bussar over 10 meter blir tilvist til eiget område.

Har du bestilt plass for buss opptil 12 meter, men møter opp med ein buss som er lengre enn 12 meter, risikerer du å miste plassen. Om vi har ledig kapasitet, kjem eit tillegg på kr 1500. Det blir ikkje gitt refusjon dersom vi ikkje har kapasitet til å ta imot bussen.

For meir info sjå her


 Takk for at du vel oss – vi ynskjer deg eit fantastisk opphald
på GranvinCamp! 💙