Praktisk info til overnatting inne

 

KJÆRE GJEST - velkomen til GranvinCamp under Dyrsku'n 2025!
Her finn du nyttig informasjon som sikrar eit komfortabelt og trygt opphald

 

🛏️ Overnatting
Du bur inne på kulturhuset – vi nyttar fleire rom og salar
Alle rom bookast for heile perioden (onsdag til sundag)
Ønskjer du å bu inne nokre dagar, er idrettshallen eit rimeleg og trygt alternativ
Hugs å ta med eige sengetøy, dyne og pute - eller sovepose
Vi har madrassar, men ta gjerne med liggeunderlag eller
eiga madrass for å sikre deg ei god og komfortabel natt hos oss

Resepsjon/vakt har oversikt og hjelper deg gjerne


🕘 Innsjekk og utsjekk
Innsjekk kvar dag frå kl. 09:00 til 22:00
Utsjekk søndag seinast kl. 12:00


🚗 Parkering:
Overnattar du inne på kulturhuset, må du betale for døgnparkering per bil
👉 For meir info, sjå her


🚿 Sanitæranlegg
Dusj og toalett er tilgjengeleg heile døgnet inne på huset
– berre for dei som bur på GranvinCamp


🧘‍♀️ Badstu og trening
Badstu er gratis for våre gjester kvar dag frå kl 16:00 til 20:00
Treningstilgang i eige treningssenter for berre 150 kr heile Dyrsku' perioden
👉 For meir info, sjå her


🍕 Døgnopen kafé og bar
Vi serverer påsmurt, panini, pizza, hamburgar, smoothie og meir
Alt kan også bestillast som takeaway
👉 For meir info og meny sjå her


🔒 Tryggleik
Vi har vakt på huset heile døgnet, og vaktselskap patruljerer ute
Spør oss gjerne om det er noko du lurar på


📃 For grupper
Er de ei gruppe som bur saman? Då treng vi ei namneliste over alle
– dette er eit krav frå brannvesenet
Namneliste leverer du i resepsjonen når du kjem


🎟️ Dyrsku’n-billettar
Det er ikkje billettsal hos oss
Kjøp på 👉  www.dyrskun.no

 

🧡 Takk for at du bur hos oss – vi ynskjer deg eit flott opphald på GranvinCamp!